tirsdag 5. april 2011

Ein bra dag til tross

Eg var ein tur i blodbanken i dag og skulle gi for tredje gong, men dei avviste meg på grunnlag av ein allergisk reaksjon eg hadde for fire år sidan. Det har jo gått bra før, men ho pleiaren som var der i dag ville altså då ikkje tappe meg. Ho ringte til og med lege, og han sa det same. Det er litt merkeleg korleis forskjellege legar og sjukepleiarar har forskjellig praksis frå gong til gong. Ein skal selfølgelig ta allergiar alvorleg, det er slik som kan overførast via blodet, men kvifor har dei latt meg gi blod før viss det ikkje er greitt likavel?

På skulen gjekk det heller ikkje so bra i dag, tysdag er ”simulatordag”. Og den ordinære læraren er ute i pappapermisjon for tida, så vi har avdelingsleiar som vikar. Han er heller skremmande sådan. Du står og ventar på eit raseriutbrudd eller ein krass komentar, men du har ingen aning på kortid det kjem.
Ja, eg var ikkje særlig flink i dag, det skal eg vere så ærleg å innrømme. Det gjekk gale frå start til slutt. På feil kurs, ute av posisjon og på kollisjonskurs med to andre fartøy etter kvarandre, grunnstøting og kollisjon med bøyer og så kursendringar både for tidleg og for seint. Så i dag råda læraren meg til å finne eit tau, og så gestikulerte han til att eg skulle hengje meg.

”Du skal vere glad det er meg du sa det til no nettopp, for hadde du sagt det til feil person kunne den personen tatt deg alvorleg.” sa eg då han foreslo det. Då blei han still eit par sekund, og resten av gruppa stemde i og var einige med meg. Eg tek ikkje alt han sei så fryktelig alvorleg at det gjer noko, for han seier ikkje så mykje lurt at det er verdt å hugse.
Til tross for ein heller dårleg start på dagen enda den bra Eg har vore flink å røyve meg, eg gjekk til skulen og heim frå sjukehuset. Til saman ca 6 km. Og på ettermiddagen gjekk eg til ein annan butikk enn den næraste, enda 5 km der. Så til saman har eg gått vel over to timar i dag. Eg er gåen i føta no, men det er berre godt å kjenne at ein har røyvd på seg etter ein lang vinter. Det var meininga å få tak i maismjøl, men det ser ikkje ut til at nokon har det. Så kanskje eg tek ein tur til supermarknaden i helga. Eg vil jo prøve å bake muffins med maismjøl, dei ser så gode ut. Eg baka gulrotmuffins i staden for då i dag, dei blei kjempegode.

søndag 3. april 2011

Våren er her!

Då er det ei stund sidan eg har skrive noko her. Frå sist innlegg har eg hatt tid til å gjere litt av kvart. I vinterferien stod eg på ski og var mykje med familien, men det eg ikkje har gjort, som eg skulle gjere, det er å trene. Eg veit det ikkje er nokon god grunn det å ikkje orke, men det er faktisk det som har hendt. Trur eg har hatt eit lite snev av vinterdepresjon.

No er det endeleg vår, temperaturen har auka, sola er koma tilbake og snøven har reist frå markane. I dag hadde eg årets fyrste sykkeltur, det var rett nok berre ein liten ein, men den var god. Det einaste er at no gruar eg meg til dei neste par-tre dagane. Det tek på raua å ikkje ha sykla på fire-fem månader.

Eg er jo blakk for tida også, og eg ser på det som litt positivt akkurat no. Altså, eg har jo ikkje noko problem med å skulle kunne kjøpe meg mat, men her blir det snakk om prioriteringar. Og dei prioriteringane går ut på å ikkje kjøpe busskort, men å heller gå eller sykle til skulen. Det er rett nok ikkje langt eigentleg, berre 3 km. Og dei gongane eg reiser andre stader med bussen, dei er for få til å tene inn eit månadskort på bussen. Dessutan kan eg ikkje bruke det til å reise heim i helgane med heller, så det kan vere det same.

For litt sidan fann eg ikkje att eit smykke som eg fekk i gåve. Eg leita høgt og lavt både i leilegheita og heime hjå mamma og pappa. Eg leita i alle vesker, sekkar, skuffer, øskjer, skåler og skap eg kunne tenkje meg, til og med i mor sitt smykkeskrin i håp om at ho hadde funne det medan ho vaska og ikkje kjende det att. Men til inga nytte, eg fann det ikkje. Eg leita til og med på kottet, men utan resultat.

Heilt til i går då eg skulle rydde i ”kontorboksen” min, der var det litt av kvart oppi, og minst av alt kontorting. Men i botnen på den, innerst i eit hjørne, der låg altså smykket mitt. Eg blei så frå meg av lykke over å ha funne det att, at eg byrja å grine. Ikkje det at det er verdt så mykje pengar, men det har ein utruleg høg sentimental verdi for meg. Det har ei lang og viktig historie bak seg. Eg fekk det nemleg med den mannen eg faktisk kunne tenke meg å elske ein dag, sjølv om forholdet aldri kom så langt. Og i all løyndom håper eg så inderlig han kunne tenkje seg å elske meg tilbake ein dag.
Det er eit Swarovski smykke, den raude krystallen er det eg sjølv som har lag til for å få eit meir personleg preg på det, det er jo så mange som har ei slikt eit etter å ha sett på Gossip Girl der Blair har eit slikt. Litt av sjarmen med det er at krystallane blir grøne etter ei stund, ein no og ein då. Fint, enkelt og elegant, med ein twist.