fredag 29. juli 2011

Feriesysler

No er det ei stund sidan eg har gjort noko her inne. Sidan sist innlegg har det skjedd ein del. I sist innlegg skreiv eg at alle skriftlege eksamenar var ferdige, eg har selfølgelig blitt ferdig med alle. Eg har til og med fått vitnemålet frå første året tilsendt frå skulen, og det var ei fin overrasking å sjå karakterane! Dei var gode for å seie det slik.

For tida er det 19 dagar att av sommarferien, og dei skal nytast i det fulle! Eg skal selfølgelig jobbe nokre dagar i veka, men det er ikkje meir enn at det ikkje går ut over noko eg vil gjere i løpet av dagen.

Dagane går med på å gå tur og høyre på musikk, sykle rundt og oppdage nye ruter eller å bake eller lage mat. Eg har også eit par prosjekt på gang, eg er i prosessen med å lage ei kokebok. Ikkje ei kokebok som skal publiserast, men ei der eg samlar oppskrifter som har blitt brukt gjennom generasjonar før meg og nye oppskrifter eg testar ut og finn ut om eg likar eller ikkje.

Og så held eg på å samle bilete og skrive dei ut på fotopapir. Meininga er at dei skal opp på veggen i stova mi etter kvart, til no har eg vel fem bilete. På den daglige gåturen min speidar eg etter gode motiv, og dagen etter tek eg med meg kameraet og fotograferar det eg måtte ha funne dagen før. Så må det jo vurderast når eg kjem heim, eg heng ikkje opp kva som helst på utstilling… det må vere noko å sjå på, er det ikkje meininga? Her er eit par av alternativa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar