Det å ha respekt for andre bure vore noko heilt naturleg, noko som burde vore ein sjølvfylgje. Som å ikkje oversjå nokon som kanskje treng hjelp til noko. Det er så mange som ser at andre kanskje slit med noko, men dei gjer ikkje noko for å hjelpe.
Er det slik i dag at vi ser ting, men overser det? Har vi vorte van med å berre tenkje på oss sjølv? Å ikkje bry oss om andre? Er vi verkeleg så uomtenksame?
Eg klarer ikkje å sjå at nokon slit. Om der er ei mor i ein butikk med hylande born, ja då spør eg om ho treng hjelp til å handle. Og om ein eldre person har det litt tungt, så spør eg om dei treng hjelp til å handtere ting. Det har vel noko å gjere med at eg har vakse opp på bygda, der hjalp vi kvarandre.
Og så dette å ha respekt for andre sitt liv. På bussar i dag er det montert sele, i alle fall dei som er meint å reise over lenger strekningar. Det eg opplever når eg tek bussen er at mange ikkje brukar desse. Om du set deg bak meg, men ikkje tek på selen, jau då får du beskjed om å feste selen eller flytte deg. For eg har ikkje tenkt å la deg ta livet av meg om bussen kolliderar. Det er nemleg det som skjer. Om du brukar sele, men den bak ikkje brukar den, så fyk personen bak deg inn i ryggen på setet ditt og trykkjer deg flat. Det er nesten ingen som tenkjer på dette scenarioet, for det er ikkje så mange så veit om det.
No skal eg ikkje drage alle under same kammen her, men eg føler at det eg skildrar over er majoriteten i det norske samfunn i dag. Kanskje vi kan forandre på det? Eg prøver i alle fall. Eg gjer mitt beste, og håper du gjer det same!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar