torsdag 20. januar 2011

Fart og spenning...

Kva skal eg seie? Det er jo noko eg ikkje har i livet mitt akkurat no i alle fall, håpar på snarleg endring av dette mindre problemet. Dagane går jo med til skule og lekser. På tysdag fekk eg faktisk summa meg til å vaske soveromet og ommøblere det. Eg fekk vaska to maskiner med klede også. Og oppdaga at om eg gjer det, så er det ikkje nok plass på stativet til det. Flink som eg er fekk eg jo lurt det til slik at der blei plass til slutt.
Det var meininga at eg skulle bake brød også, men det har eg tid til å gjere i dag om eg startar med ein einaste gang eg kjem heim. Eg må sitje att litt i dag for å få gjort noko på studiekrava. Vi har tre stk no med ein frist på 10 dagar. Hektisk! Men slik er det å vere student i dag tenkjer eg…
I går var eg på middag i regi av kyrkja. Vi var ikkje så mange, så det var koselig. Dei serverte kjøtkaker, heimelaga. Det var kjempegodt. Planen er at det skal bli noko fast. I går var det berre dei som arrangerte det og tre andre. Eg har på ein eller annan måte prestert å rote meg litt inn i promoteringa av prosjektet. Mykje av grunnen til at ingen møtte opp var jo at det vart kalla ”middag for unge vaksne”, ein får ikkje akkurat så veldig lyst å gå på noko slikt. Så no har vi avgjort at det skal vere Middagsklubben. Og eg skal hengje opp lappar på skulen, for det vart ikkje gjort. Kanskje ein får fleire med seg då…
På måndag var eg hjå frisøren. Då fekk eg raude/rosa striper i håret. Talet på striper var slik det skal vere, men dei er litt for tett plassert etter min smak. Får sjå om eg går tilbake for å forandre på det om ei stund. Eg får vel vente litt å sjå korleis håret legg seg etter kvart, og kor mykje stripene viser. Fargen vart fin, men dei var litt for tett, og so var det berre på den underste delen i håret. Eg kunne tenkje meg nokre striper lengre oppe i håret også slik at fargen viser på sida av hovudet og ikkje berre i nakken slik som no.
Inspirasjonen til å få raude/rosa striper i håret kom i fyrste omgong frå Katy Perry. Ho har så fint hår i musikkvideoen til ”Firework”. Og etter å ha søkt litt på internett fann eg eit fint bilete av Selena Gomez. Ho har svart hår, så hennar striper var i mørk raud.
I skrivande stund sit eg på skulen, vi har engelsk/norsk. Dei går litt om kvarandre dei faga no. Og grunnen til at eg skriv på bloggen no er at eg er ferdig med det eg skal gjere. Eg blei ferdig førre veke og no vil eg ikkje berre sitte å surfe på internett. Eg likar å skrive men no kjenner eg at eg held på å gå tom for ting å skrive om.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar