For tida er det 19 dagar att av sommarferien, og dei skal nytast i det fulle! Eg skal selfølgelig jobbe nokre dagar i veka, men det er ikkje meir enn at det ikkje går ut over noko eg vil gjere i løpet av dagen.
Kristin - min kvardag
fredag 29. juli 2011
Feriesysler
No er det ei stund sidan eg har gjort noko her inne. Sidan sist innlegg har det skjedd ein del. I sist innlegg skreiv eg at alle skriftlege eksamenar var ferdige, eg har selfølgelig blitt ferdig med alle. Eg har til og med fått vitnemålet frå første året tilsendt frå skulen, og det var ei fin overrasking å sjå karakterane! Dei var gode for å seie det slik.
For tida er det 19 dagar att av sommarferien, og dei skal nytast i det fulle! Eg skal selfølgelig jobbe nokre dagar i veka, men det er ikkje meir enn at det ikkje går ut over noko eg vil gjere i løpet av dagen.
Dagane går med på å gå tur og høyre på musikk, sykle rundt og oppdage nye ruter eller å bake eller lage mat. Eg har også eit par prosjekt på gang, eg er i prosessen med å lage ei kokebok. Ikkje ei kokebok som skal publiserast, men ei der eg samlar oppskrifter som har blitt brukt gjennom generasjonar før meg og nye oppskrifter eg testar ut og finn ut om eg likar eller ikkje.
Og så held eg på å samle bilete og skrive dei ut på fotopapir. Meininga er at dei skal opp på veggen i stova mi etter kvart, til no har eg vel fem bilete. På den daglige gåturen min speidar eg etter gode motiv, og dagen etter tek eg med meg kameraet og fotograferar det eg måtte ha funne dagen før. Så må det jo vurderast når eg kjem heim, eg heng ikkje opp kva som helst på utstilling… det må vere noko å sjå på, er det ikkje meininga? Her er eit par av alternativa.
For tida er det 19 dagar att av sommarferien, og dei skal nytast i det fulle! Eg skal selfølgelig jobbe nokre dagar i veka, men det er ikkje meir enn at det ikkje går ut over noko eg vil gjere i løpet av dagen.
fredag 3. juni 2011
Kan dagane bli betre!?
Eg sit her å tenkjer på om dagane kan bli noko betre enn dei er no. Samstundes bankar eg i bordet, for eg vil ikkje forhekse det! I skrivande stund har eg visitt av minste broren min, og vi kosar oss godt.
Grunnen til at eg så tilfreds om dagen er vel fordi eg er ferdig med alle dei skriftlige eksamenane, og då gjenstår det berre to praktisk/munnlege. Den einaste eg er litt bekymra over er den første, i radio, eg er så redd eg skal få noko eg ikkje er så fortruleg med. Men eg tenkjer den skal gå bra den også, etter litt repetisjon i alle fall.
I dag har det vore varmt og godt, og sola har kika fram frå skyene med passelege mellomrom. Husverten har slått markane, så det luktar heilt fortryllande. Og livet er generelt sett berre heilt fantastisk!
søndag 22. mai 2011
Unødvendige diskusjonar...
Då har det seg slik at Volda og Ørsta kommune endeleg har teke til vitet og bestemt seg for å sjå på mogelegheitene om dei slår seg saman. Dette har ført til ein nasjonal diskusjon via nettavisene om kva den nye kommunen skal heite. Noko så dumt som å opne for diskusjon har dei også klart å makke seg til dei i avisredaksjonane.
Dei måtte no vite at dette kom til å ende gale, seinast i går før eg tok kveld var eg inne på DB for å sjå kva dei skreiv. Og mange av dei kommentarane som var der handla ikkje om kor vidt dei meina det føreslegne namnet egna seg, dei handla om kor inkompetent den og den personen som hadde kommentert var og kor usakeleg innlegget var. Aasen er vel det mest omdiskuterte namnet, og kanskje ”problemet” for mange, dei to forskingsinstitutta hadde pønska ut.
For meg gir det meining, Ivar Aasen er fødd og oppvaksen midt imellom dei to tettstadane. Han er ein vesentleg person for begge kommunar, så for meg er det logisk. Eg er jo også ein nynorsktilhengar, det har de vel allereie merka. Og om ein skal slå saman to så store kommunar med så mange forskjelleg stadnamn, men ingen fellesnemning frå før. Området som skal slåast saman har ikkje noko namn som kan brukast utan at den eine eller andre blir såra, så då kan det vel vere til det beste å kalle den nye kommunen opp etter ein person som har meina mykje for begge stader?
lørdag 21. mai 2011
Barndomsminner
I dag var eg ute og gjekk ein tur. Då eg var på vei oppatt til leilegheita såg eg noko eg har sett mange gongar før, men ikkje lagt merkje til det før i dag. Eg såg at marka var fylt med syregras. Plutselig flomma alle mogelege barndomsminne gjennom tankane mine, og eg fann ut at eg berre måtte ha eit syregras.Så der går eg, ut i marka, på jakt etter eit som ser godt ut. Eg gjekk eit stykke for å finne ei samling som såg gode ut. Eg måtte ei stykke frå vegen, for å finne nokre som ikkje har hundetiss eller –besj på seg.
Eg stod utpå marka og tok første tygga. Det var skikkelig surt, men det einaste eg kunne tenkte på var minner om slåtten heime på garden. Smaken og lukta var heilt herlig! Det er ingenting som kan måle seg med slike minner, og lukta er god også. Det einaste eg klarte å gjere når eg var ferdig med graset var å smile, eg klarte ikkje å stoppe å tenkje på korleis livet var når eg var 13 år og leika i marka på garden… Små gleder som eg håper ungane mine får ein dag.
torsdag 19. mai 2011
Eksamensførebuingar
Då er eksamensførebuingane sparka i høggir. Det er ikkje heilt enkelt å skulle sjå tilbake på kva du gjorde for nokre månader sidan, det er ikkje lett å vite kva som ikkje er greitt før du sit der med oppgåva framføre deg…
I alt skal eg ha 7 eksamenar. Og fleire i same fag, både skriftleg og munnleg. Eg storkosar meg med det meste, men der er fortsett eit par småting eg har litt problem med å hugse. Slik stoda er no tenkjer eg at eg skal klare det.
I dag har det ikkje vor noko faste timar, sidan vi har eksamen i morgon, men vi har fått litt hjelp av lærarar som har vore på huset. Det er greitt, men det største problemet er at volumet på visse personar i klassa ikkje kan haldast til innestemme. Om du spør sagt person om noko passar han på å svare deg høgt nok så alle høyrer at han kan det du spør om. Og det set i gong ein uendeleg diskusjon som berre fleire og fleire skal leggje seg inn på. Dette fører til uendeleg irritasjon for dei som faktisk vil studere i staden for å diskutere meiningslause ting med folk.
Før eksamen er det vel vanleg å vere nervøs, er det ikkje? Læraren seier at det er berre dei som er uforberedte som blir nervøse, så då må vel eg vere godt forberedt då… Eg meiner i alle fall det sjølv. Det einaste er at den eg skal ha i morgon er eg ikkje heilt sikker på, men eg skal klare å resonnere meg fram til eit vettig svar.
onsdag 11. mai 2011
Ein vanleg dag
Eg tusla meg ein tur ut i går, og då fekk eg tatt ein del bilete. Eg har lagt til dei eg syntes var best her.
søndag 8. mai 2011
Er sommaren her?
I dag har det vore varmt! Veldig varmt. Og det får meg til å lure på om sommaren er komen. Eg håper det, for eg er lei av kalde morgonar og kveldar, er klar for litt mildare temperaturar enn det som har vore i det siste.
Det har ikkje berre vore ein varm dag, men også ein ganske produktiv dag om eg kan få seie det… Eg har baka brød, vaska leilegheita og to maskiner med kleder, så stativet er fullt. Og så har eg fått pugga litt sjøvegsreglar og sett over fysikken til prøva i morgon. Alt er på stasjon og eg har fått gjort alt eg ville oppnå med helga.
Det har ikkje berre vore ein varm dag, men også ein ganske produktiv dag om eg kan få seie det… Eg har baka brød, vaska leilegheita og to maskiner med kleder, så stativet er fullt. Og så har eg fått pugga litt sjøvegsreglar og sett over fysikken til prøva i morgon. Alt er på stasjon og eg har fått gjort alt eg ville oppnå med helga.
No sit eg å ser film og nyt eit par brødskiver med makrell i tomat på. Filmen har eg visst sett før, men det er så lenge sidan eg ikkje hugsar nokon ting. Det er fint tidsfordriv å sjå film medan ein ventar på at håret skal tørke så ein får gå å legge seg.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)