Dei måtte no vite at dette kom til å ende gale, seinast i går før eg tok kveld var eg inne på DB for å sjå kva dei skreiv. Og mange av dei kommentarane som var der handla ikkje om kor vidt dei meina det føreslegne namnet egna seg, dei handla om kor inkompetent den og den personen som hadde kommentert var og kor usakeleg innlegget var. Aasen er vel det mest omdiskuterte namnet, og kanskje ”problemet” for mange, dei to forskingsinstitutta hadde pønska ut.
For meg gir det meining, Ivar Aasen er fødd og oppvaksen midt imellom dei to tettstadane. Han er ein vesentleg person for begge kommunar, så for meg er det logisk. Eg er jo også ein nynorsktilhengar, det har de vel allereie merka. Og om ein skal slå saman to så store kommunar med så mange forskjelleg stadnamn, men ingen fellesnemning frå før. Området som skal slåast saman har ikkje noko namn som kan brukast utan at den eine eller andre blir såra, så då kan det vel vere til det beste å kalle den nye kommunen opp etter ein person som har meina mykje for begge stader?
Godt sagt! He faktisk lest rundt om akkurat det samma, og ej e så drittlei av å høyre drittslenging frå austlendinga om nynorsken.. E ikkje det saka handla om engong.
SvarSlett