torsdag 19. mai 2011

Eksamensførebuingar

Då er eksamensførebuingane sparka i høggir. Det er ikkje heilt enkelt å skulle sjå tilbake på kva du gjorde for nokre månader sidan, det er ikkje lett å vite kva som ikkje er greitt før du sit der med oppgåva framføre deg…

I alt skal eg ha 7 eksamenar. Og fleire i same fag, både skriftleg og munnleg. Eg storkosar meg med det meste, men der er fortsett eit par småting eg har litt problem med å hugse. Slik stoda er no tenkjer eg at eg skal klare det.
I dag har det ikkje vor noko faste timar, sidan vi har eksamen i morgon, men vi har fått litt hjelp av lærarar som har vore på huset. Det er greitt, men det største problemet er at volumet på visse personar i klassa ikkje kan haldast til innestemme. Om du spør sagt person om noko passar han på å svare deg høgt nok så alle høyrer at han kan det du spør om. Og det set i gong ein uendeleg diskusjon som berre fleire og fleire skal leggje seg inn på. Dette fører til uendeleg irritasjon for dei som faktisk vil studere i staden for å diskutere meiningslause ting med folk.
Før eksamen er det vel vanleg å vere nervøs, er det ikkje? Læraren seier at det er berre dei som er uforberedte som blir nervøse, så då må vel eg vere godt forberedt då… Eg meiner i alle fall det sjølv. Det einaste er at den eg skal ha i morgon er eg ikkje heilt sikker på, men eg skal klare å resonnere meg fram til eit vettig svar.

1 kommentar: