onsdag 11. mai 2011

Ein vanleg dag

Då er lunsjpausen over, og her sit framleis ein del folk. Men vi har ikkje lærar, så det kan ikkje vere lenge til det er mange som går for dagen. Eg trur ikkje eg kjem til å sitje lenge i dag i alle fall. Eg hostar ikkje så gale i dag som i går, men får framleis like gale, om ikkje verre, hovudverk etter eg er ferdig å hoste.

Læraren som vi skulle hatt er ein tur  på sjukehuset, ikkje noko farleg, berre litt vedlikehald så han seier sjølv. Vi har både eit studiekrav og nokre ekstraoppgåver å halde på med. Det einaste problemet no er at sola skin ute og det er varmt å fint, så ein har mest lyst heim å sitte i solveggen og ete is medan ein høyrer på musikk eller les bok.
Vi fekk tilbake heildagsprøva vi hadde på onsdag førre veke. Eg hadde sett føre meg enden på verda, men det var slett ikkje gale. Eg visste kva eg hadde gjort feil og ikkje kunne, så det var ganske greitt. Prøva var oppbygd på same måten som eksamen kjem til å vere. Eg bomma noko grasalt på tidevatnet og på dagbokføringa, men det kunne eg heller ikkje, så det var akseptabelt. Det var kjekt å få gå igjennom det saman med resten av klassa, og då får vi rett oppsett og måte med læraren, så det skal puggast utrekningsmetoder og formlar til eksamen jah!
Eg tusla meg ein tur ut i går, og då fekk eg tatt ein del bilete. Eg har lagt til dei eg syntes var best her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar