søndag 22. mai 2011

Unødvendige diskusjonar...

Då har det seg slik at Volda og Ørsta kommune endeleg har teke til vitet og bestemt seg for å sjå på mogelegheitene om dei slår seg saman. Dette har ført til ein nasjonal diskusjon via nettavisene om kva den nye kommunen skal heite. Noko så dumt som å opne for diskusjon har dei også klart å makke seg til dei i avisredaksjonane.

Dei måtte no vite at dette kom til å ende gale, seinast i går før eg tok kveld var eg inne på DB for å sjå kva dei skreiv. Og mange av dei kommentarane som var der handla ikkje om kor vidt dei meina det føreslegne namnet egna seg, dei handla om kor inkompetent den og den personen som hadde kommentert var og kor usakeleg innlegget var. Aasen er vel det mest omdiskuterte namnet, og kanskje ”problemet” for mange, dei to forskingsinstitutta hadde pønska ut.
For meg gir det meining, Ivar Aasen er fødd og oppvaksen midt imellom dei to tettstadane. Han er ein vesentleg person for begge kommunar, så for meg er det logisk. Eg er jo også ein nynorsktilhengar, det har de vel allereie merka. Og om ein skal slå saman to så store kommunar med så mange forskjelleg stadnamn, men ingen fellesnemning frå før. Området som skal slåast saman har ikkje noko namn som kan brukast utan at den eine eller andre blir såra, så då kan det vel vere til det beste å kalle den nye kommunen opp etter ein person som har meina mykje for begge stader?

lørdag 21. mai 2011

Barndomsminner

I dag var eg ute og gjekk ein tur. Då eg var på vei oppatt til leilegheita såg eg noko eg har sett mange gongar før, men ikkje lagt merkje til det før i dag. Eg såg at marka var fylt med syregras. Plutselig flomma alle mogelege barndomsminne gjennom tankane mine, og eg fann ut at eg berre måtte ha eit syregras.

Så der går eg, ut i marka, på jakt etter eit som ser godt ut. Eg gjekk eit stykke for å finne ei samling som såg gode ut. Eg måtte ei stykke frå vegen, for å finne nokre som ikkje har hundetiss eller –besj på seg.

Eg stod utpå marka og tok første tygga. Det var skikkelig surt, men det einaste eg kunne tenkte på var minner om slåtten heime på garden. Smaken og lukta var heilt herlig! Det er ingenting som kan måle seg med slike minner, og lukta er god også. Det einaste eg klarte å gjere når eg var ferdig med graset var å smile, eg klarte ikkje å stoppe å tenkje på korleis livet var når eg var 13 år og leika i marka på garden… Små gleder som eg håper ungane mine får ein dag.

torsdag 19. mai 2011

Eksamensførebuingar

Då er eksamensførebuingane sparka i høggir. Det er ikkje heilt enkelt å skulle sjå tilbake på kva du gjorde for nokre månader sidan, det er ikkje lett å vite kva som ikkje er greitt før du sit der med oppgåva framføre deg…

I alt skal eg ha 7 eksamenar. Og fleire i same fag, både skriftleg og munnleg. Eg storkosar meg med det meste, men der er fortsett eit par småting eg har litt problem med å hugse. Slik stoda er no tenkjer eg at eg skal klare det.
I dag har det ikkje vor noko faste timar, sidan vi har eksamen i morgon, men vi har fått litt hjelp av lærarar som har vore på huset. Det er greitt, men det største problemet er at volumet på visse personar i klassa ikkje kan haldast til innestemme. Om du spør sagt person om noko passar han på å svare deg høgt nok så alle høyrer at han kan det du spør om. Og det set i gong ein uendeleg diskusjon som berre fleire og fleire skal leggje seg inn på. Dette fører til uendeleg irritasjon for dei som faktisk vil studere i staden for å diskutere meiningslause ting med folk.
Før eksamen er det vel vanleg å vere nervøs, er det ikkje? Læraren seier at det er berre dei som er uforberedte som blir nervøse, så då må vel eg vere godt forberedt då… Eg meiner i alle fall det sjølv. Det einaste er at den eg skal ha i morgon er eg ikkje heilt sikker på, men eg skal klare å resonnere meg fram til eit vettig svar.

onsdag 11. mai 2011

Ein vanleg dag

Då er lunsjpausen over, og her sit framleis ein del folk. Men vi har ikkje lærar, så det kan ikkje vere lenge til det er mange som går for dagen. Eg trur ikkje eg kjem til å sitje lenge i dag i alle fall. Eg hostar ikkje så gale i dag som i går, men får framleis like gale, om ikkje verre, hovudverk etter eg er ferdig å hoste.

Læraren som vi skulle hatt er ein tur  på sjukehuset, ikkje noko farleg, berre litt vedlikehald så han seier sjølv. Vi har både eit studiekrav og nokre ekstraoppgåver å halde på med. Det einaste problemet no er at sola skin ute og det er varmt å fint, så ein har mest lyst heim å sitte i solveggen og ete is medan ein høyrer på musikk eller les bok.
Vi fekk tilbake heildagsprøva vi hadde på onsdag førre veke. Eg hadde sett føre meg enden på verda, men det var slett ikkje gale. Eg visste kva eg hadde gjort feil og ikkje kunne, så det var ganske greitt. Prøva var oppbygd på same måten som eksamen kjem til å vere. Eg bomma noko grasalt på tidevatnet og på dagbokføringa, men det kunne eg heller ikkje, så det var akseptabelt. Det var kjekt å få gå igjennom det saman med resten av klassa, og då får vi rett oppsett og måte med læraren, så det skal puggast utrekningsmetoder og formlar til eksamen jah!
Eg tusla meg ein tur ut i går, og då fekk eg tatt ein del bilete. Eg har lagt til dei eg syntes var best her.

søndag 8. mai 2011

Er sommaren her?

I dag har det vore varmt! Veldig varmt. Og det får meg til å lure på om sommaren er komen. Eg håper det, for eg er lei av kalde morgonar og kveldar, er klar for litt mildare temperaturar enn det som har vore i det siste.

Det har ikkje berre vore ein varm dag, men også ein ganske produktiv dag om eg kan få seie det… Eg har baka brød, vaska leilegheita og to maskiner med kleder, så stativet er fullt. Og så har eg fått pugga litt sjøvegsreglar og sett over fysikken til prøva i morgon. Alt er på stasjon og eg har fått gjort alt eg ville oppnå med helga.

No sit eg å ser film og nyt eit par brødskiver med makrell i tomat på. Filmen har eg visst sett før, men det er så lenge sidan eg ikkje hugsar nokon ting. Det er fint tidsfordriv å sjå film medan ein ventar på at håret skal tørke så ein får gå å legge seg.

lørdag 7. mai 2011

Laurdagsopen skule

Ja, overskrifta er rett. Frå no og fram til siste eksamen er altså skulen open på laurdagar. I dag sit eg altså her, men eg tur eg snart reiser heim. Så vidt eg har fått med meg er det berre meg og to til som er her.

Då eg fekk beskjeden blei eg glad, eg tenkte ”Jess, då slepp eg å drage med meg alle bøkene heim!” Og det er no kjekt å få sleppe å gjere det, men no har eg ikkje lyst å sitje her noko særleg lenger. Eg er ikkje heilt på topp for tida, har vorte sjuk… det går nok over, men kaldsveitting og feber er lite kjekt, spesielt når ein er på skulen og heller kan sitje heime.
I går var vi med Hurtigruta t/r Geiranger ombord på M/S Nordlys. Vi fekk kome på brua og sjå oss kring der. Kjekt å høyre kva erfarne sjøfolk har å seie om Kongsberg si løysing om navigasjonsutstyr, og dei synest ikkje noko særleg om det. Det er Kongsberg sin simulator som er her på skulen også, og den er ikkje noko god, berre dei to siste vekene har den ikkje fungert skikkeleg. Første gongen gjekk heile skiten ad undas, det var så gale vi fekk ny datamaskin. Og berre sist veke skulle læraren stille på noko og gjekk inn på ein meny etter han hadde starta oppgåva, då stoppa alt opp og den restarta seg sjølv. Men vi fekk ikkje køyre før etter ei halv time då dei endeleg fekk det ordna. Lærarane på skulen skuldar på at dei ikkje har hatt service på den i år, og det er sikkert grunnen, men vi får verkeleg håpe dei klarer å rette på det før vi skal ha eksamen…

Men no orkar eg ikkje meir. No reiser eg heim og installerar meg i sofaen og drikk te til eg ikkje orkar meir.