lørdag 7. mai 2011

Laurdagsopen skule

Ja, overskrifta er rett. Frå no og fram til siste eksamen er altså skulen open på laurdagar. I dag sit eg altså her, men eg tur eg snart reiser heim. Så vidt eg har fått med meg er det berre meg og to til som er her.

Då eg fekk beskjeden blei eg glad, eg tenkte ”Jess, då slepp eg å drage med meg alle bøkene heim!” Og det er no kjekt å få sleppe å gjere det, men no har eg ikkje lyst å sitje her noko særleg lenger. Eg er ikkje heilt på topp for tida, har vorte sjuk… det går nok over, men kaldsveitting og feber er lite kjekt, spesielt når ein er på skulen og heller kan sitje heime.
I går var vi med Hurtigruta t/r Geiranger ombord på M/S Nordlys. Vi fekk kome på brua og sjå oss kring der. Kjekt å høyre kva erfarne sjøfolk har å seie om Kongsberg si løysing om navigasjonsutstyr, og dei synest ikkje noko særleg om det. Det er Kongsberg sin simulator som er her på skulen også, og den er ikkje noko god, berre dei to siste vekene har den ikkje fungert skikkeleg. Første gongen gjekk heile skiten ad undas, det var så gale vi fekk ny datamaskin. Og berre sist veke skulle læraren stille på noko og gjekk inn på ein meny etter han hadde starta oppgåva, då stoppa alt opp og den restarta seg sjølv. Men vi fekk ikkje køyre før etter ei halv time då dei endeleg fekk det ordna. Lærarane på skulen skuldar på at dei ikkje har hatt service på den i år, og det er sikkert grunnen, men vi får verkeleg håpe dei klarer å rette på det før vi skal ha eksamen…

Men no orkar eg ikkje meir. No reiser eg heim og installerar meg i sofaen og drikk te til eg ikkje orkar meir.

1 kommentar: