torsdag 20. januar 2011

Fart og spenning...

Kva skal eg seie? Det er jo noko eg ikkje har i livet mitt akkurat no i alle fall, håpar på snarleg endring av dette mindre problemet. Dagane går jo med til skule og lekser. På tysdag fekk eg faktisk summa meg til å vaske soveromet og ommøblere det. Eg fekk vaska to maskiner med klede også. Og oppdaga at om eg gjer det, så er det ikkje nok plass på stativet til det. Flink som eg er fekk eg jo lurt det til slik at der blei plass til slutt.
Det var meininga at eg skulle bake brød også, men det har eg tid til å gjere i dag om eg startar med ein einaste gang eg kjem heim. Eg må sitje att litt i dag for å få gjort noko på studiekrava. Vi har tre stk no med ein frist på 10 dagar. Hektisk! Men slik er det å vere student i dag tenkjer eg…
I går var eg på middag i regi av kyrkja. Vi var ikkje så mange, så det var koselig. Dei serverte kjøtkaker, heimelaga. Det var kjempegodt. Planen er at det skal bli noko fast. I går var det berre dei som arrangerte det og tre andre. Eg har på ein eller annan måte prestert å rote meg litt inn i promoteringa av prosjektet. Mykje av grunnen til at ingen møtte opp var jo at det vart kalla ”middag for unge vaksne”, ein får ikkje akkurat så veldig lyst å gå på noko slikt. Så no har vi avgjort at det skal vere Middagsklubben. Og eg skal hengje opp lappar på skulen, for det vart ikkje gjort. Kanskje ein får fleire med seg då…
På måndag var eg hjå frisøren. Då fekk eg raude/rosa striper i håret. Talet på striper var slik det skal vere, men dei er litt for tett plassert etter min smak. Får sjå om eg går tilbake for å forandre på det om ei stund. Eg får vel vente litt å sjå korleis håret legg seg etter kvart, og kor mykje stripene viser. Fargen vart fin, men dei var litt for tett, og so var det berre på den underste delen i håret. Eg kunne tenkje meg nokre striper lengre oppe i håret også slik at fargen viser på sida av hovudet og ikkje berre i nakken slik som no.
Inspirasjonen til å få raude/rosa striper i håret kom i fyrste omgong frå Katy Perry. Ho har så fint hår i musikkvideoen til ”Firework”. Og etter å ha søkt litt på internett fann eg eit fint bilete av Selena Gomez. Ho har svart hår, så hennar striper var i mørk raud.
I skrivande stund sit eg på skulen, vi har engelsk/norsk. Dei går litt om kvarandre dei faga no. Og grunnen til at eg skriv på bloggen no er at eg er ferdig med det eg skal gjere. Eg blei ferdig førre veke og no vil eg ikkje berre sitte å surfe på internett. Eg likar å skrive men no kjenner eg at eg held på å gå tom for ting å skrive om.

onsdag 12. januar 2011

Nytt liv med meir fargar

Ja, då har eg kjøpt meg kampfisk. Dei hadde ingen i lilla, så den er raud i staden. Den er kjempefin! Det ser ut som om den likar seg, den sym rundt og ser på ting og laga skumbobler på overflata. Eg måtte jo ha ei plante også sidan alt rotna opp i romjula… so no er bollen kjempekoseleg.
Treninga har ikkje gått slik eg hadde ønska. Eg har dessverre ikkje vore heilt på tobb i det siste, men no ser det ut som om det held på å snu. I dag sto eg opp tidleg-tidleg og trena før skulen, det var godt å få vakne skikkeleg før ein lang dag med tenking.
I dag har vore ein utruleg bra dag, men eg er ikkje heilt sikker på kvifor. Det har nemleg ikkje hendt noko spesielt. Det er eit kvart som ligg i lufta, men som eg ikkje får sett fingeren på. Det er litt irriterande, men berre så lite at det ikkje skal øydelegge noko :)
Eg skal til frisør i helga. Og etter eit par dagar i tenkjeboksa har eg kome fram til at eg skal ha rosa striper i håret. Håret mitt er lys brunt frå før, og eg likar kombinasjonen brunt og rosa. Så gjenstår det å høyre kva frisøren trur. Er litt spent på om dei har fargen inne, eller om dei kjem med ei dum unnskulding som at dei ikkje har att…
Eg sat og såg på ”salong takeover”, der stod frisøren og laug til kunden om at ho hadde gått tom for den fargen kunden ville ha. Det var blått, og det var ikkje snakk om å farge heile håret, berre nokre striper! Talentlaust av frisøren å gjere noko slikt!
Eg prøver å få meir farge inn i livet mitt for tida. Eg sto og såg i klesskapet mitt her om dagen og så slo tanken meg: ”Eg har nesten berre svarte og grå kleder!” Og dei få plagga eg har med farge er til finare samankomstar enn skule og eit sjeldan kafébesøk… Bra det er sal for tida!

lørdag 8. januar 2011

sjukdom... det skal ikkje vere enkelt

Dei tre siste dagane har eg vore skikkelig trøtt og slapp. På torsdag trudde eg at eg skulle bli sjuk, for det er no noko som går no, men det har eg ikkje vorte enda. Eg har mest lyst å berre krype opp i sengja og legge meg til å sove, men då risikerar eg at eg vaknar i kveld og er lys vaken, det vil eg ikkje ha noko av. Merkar det no medan eg skriv at eg er slapp i kroppen og dubbar nesten av her eg sit. I tillegg til å vere slapp så har eg ein ekkel følelse i magen/bringa. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal skildre det, men det er som ein slags småkvalme trykkjande følelse.
Kva om noko er skikkelig gale? Tenk om eg er alvorleg sjuk? Det er spørsmål som fyk rundt i hovudet mitt no. For ein er ikkje slapp og ekkel for ingenting… Eller så kan det også vere i andre enden av skalaen, at kroppen held på å ordne noko sjølv og det er difor eg er slapp.
Når eg tenkjer på sjukdom så kjem eg alltid på Regine Stokke. Eg har lese bloggen hennar i bokform. Wow! Det var ei jente som hadde det vanskelig. Det er merkeleg å tenkje på at så mange der ute kjempar for livet. Det er så mange som har det vanskeleg. Berre på skulen så er det ein av lærerane mine som strevar med det, ikkje han personleg, men kona hans. Han er ofte vekk for å ta vare på ho. Og ein i klassen har også ei kreftsjuk kone, ho har nettopp blitt operert og starta på stråling eller cellegift. Han er også mykje vekk. Dei må ha det utruleg tøft for tida, men det er det ingen som ser. Dei kamuflerer bekymringane sine godt.
Eg tenkjer positivt og okkuperer tankane med andre ting, men det er ikkje heilt enkelt alltid. Klarde det litt i stad då eg las Nemi, og seinare har eg lyst å byggje Lego attmed syskjena mine. Det er no artig. Der er no dei ferraste som er alvorleg sjuke då, kan no trøste meg med at oddsa er imot meg på det planet der...

onsdag 5. januar 2011

Yogamatte og brødformer

Ja, då våkna eg glad og opplagd i dag! I går kjøpte eg meg yogamatte og tok første treninga. Og eg merkar at eg virkelig er i dårleg form! Programmet var pilatesinspirert-aerobic… hmm, utholdande samtidig som ein trenar styrke. Det var høg intensitet på programet, 25 min med hopping og trasking på same plassen på golvet. Og på slutten under uttøyinga så får ein verkeleg kjent det i magemusklane. Det er visst meininga ein skal strekke ut ryggen, og medan ein gjer det så trenar ein magen. Det som var litt dumt er at dei ikkje strekker ut magen til slutt, så eg rulla meg på magen og la meg i ein slags sel-posisjon… Det var godt!
Eg tok meg og ein tur på Jernia og brukte det eine av dei to gåvekorta eg fekk til jul. Der var mykje fint! Og så utrulig mykje eg har lyst på. Eg valde meg ei panne frå InVite sin Trend-kolleksjon.  Denne modellen har eg allereie, fekk til bursdag med foreldra i fjor, men trengde ei mindre til. Det blir litt voldsomt å koke 3 dl saus i ei panne på 3,5 liter. I tillegg til panna kjøpte eg meg to fine brødformer. Så no blir det heimebaka brød i staden for butikkbrød. Det skal bli godt! Eg synest butikkbrød har så lite mat i seg, det er berre luft… Dette ser godt ut! -->
No sit eg på skulen og er ferdig for dagen. Så eg ventar berre på buss eigentleg. Dagen i dag har gått utruleg seint! Den har berre snigla seg avgarde. Vi starta med navigasjon, og læraren der er ikkje den som står lengst. Han kjem seint og slepp oss tidleg, litt irriterande. Og han høyrer ikkje på oss når vi seier i frå om at han kanskje kan kome til rett tid neste time. Det er for så vidt ikkje noko veldig mykje vi skal gjennomgå i desse timane, men han kunne ha repetert meir. Det er det som hjelper. Vidare hadde vi engelsk, greit nok. Og på slutten av dagen har det vore meininga vi skulle rekne litt i lastelære, men det var sterkt begrensa med rekning jah...:(

mandag 3. januar 2011

Kampfisk

Fyrste skuledag etter nyttår, og den hadde ein roleg start. Halve klassa hadde ikkje fått ete frukost, så dei gjekk på gatekjøket for å få seg noko å ete. Dette varte og rakk og då alle var på plass att avslutta læraren timen. Det tek tid når 12 stk skal ha mat samtidig.
Eg er blodgivar og gav for fyrste gong i midten av desember, i dag fekk eg telefon derifrå med beskjed om at eg har alt for lavt jernlager. Det er heilt nede på 6! Og det skal helst liggje på 20+. Så då eg handla i dag var det mykje grøne grønsaker og sitrusfrukter som hamna i korga. I tillegg til å ete jerntablettar må eg ete mykje brokkoli, leverpostei, mørkt kjøt og fisk. Og sitrusfrukter, for C-vitamin aukar opptaket av jern naturlig.
Mandag er alltid ein travel dag. Tirsdagar har vi simulator, så vi må planlegge seilasen mandag ettermiddag. Det er for så vidt greit, men det er irriterande at læraren vi har ikkje forklarar eller lærer oss det som oppgåva seier. I dag var det ekstra gale, han kom inn, la arka på pultane og berre gjekk med ein einaste gong, ikkje rom for spørsmål der nei… Men men, eg trur eg fekk det til, ein liten kamp vunne (forhåpentlegvis).
Sidan eg satt lenge på skulen i dag fekk eg ikkje tid til å handle alt eg skulle, hadde tenkt meg ein tur til kjøpesenteret å sjå litt på kva eg kan bruke gåvekortet til. Så i staden laga eg meg god middag og rydda i leiligheita. Til nons laga eg til ei skål med frukt og no til kvelds skal eg ha meg ei skive.
Eg har hatt eit par fiskar i bolle sidan august, men juleferien  har tatt knekken på dei. Og plantene. Dei fikk langtidsmat, men den har då tydeligvis ikkje fungert, då eg kom heim i går såg det ut som eit gjørmehol heile bollen. Eg trur eg skal kjøpe meg ein kampfisk, i følge dyrebutikken eg kontakta i dag (ein annan enn der eg kjøpte fiskane) er det den einaste fisken som likar seg i bolle. Og dei er no kjempefine også! Denne har regnbogefargar, men om eg kjøper ein blir det ein heilt lilla ein, dei er så mystiske på ein måte :)

lørdag 1. januar 2011

Nytt år, nye mogelegheiter...

Ja, eg veit! Det er klisjé å seie det, men i år håpar eg at eg klarer å starte litt på nytt. 2010 er over og 2011 er i skrivande stund berre 16  timar gammalt. Eg vil jgå inn for å ha et nyttårsfortsett, for dei er umogelege å halde uansett, i alle fall for meg… Så i staden går eg inn for å forandre livsstilen min litt.
I romjula kjøpte eg slalåmutstyr, og det har eg brukt tre dagar sidan eg kjøpte det, ca annakvar dag. Og til å være meg, så er det ganske bra. Eg sto ikkje så lenge i gongen, men eg har jo prøvd litt. Og nå i vintersesongen er det ein god måte å komme seg heim til familien på. For det har ikkje blitt til at eg har orka å reise heim for ei helg når eg like godt kan bli heime i leilegheita.
Eg fekk litt pengar av farmor og besten i julegåve, og dei har eg funne ut at eg skal bruke på ei treningsmatte av et slag. Eg har jo nemlig ein DVD liggjande med eit pilates-opplegg på, men den har jo selfølgelig ikkje blitt brukt til anna enn å gå gjennom ein gong då eg kjøpte den og til ta opp plass i ei skuff etter den eine gongen… Der er to ”program” på den, eit kort og enkelt og eit lengre.
Så planen min no er:
-          Trene eit par gonger i veka (i starten)
-          Prøve å gå ein tur kvar dag (kanskje gå til anskaffelse av ein turkamerat?)
-          Kjøpe meir grønnsaker og ete det som snacks i staden for is og godteri…
-          Unngå isdisken i butikken for alt i verda
Ein enkel plan på fire punkt, eigentleg heilt greit å skulle følge det her… men eg skal ikkje gå ut i frå at eg kjem til å klare det. Eg skal gjere mitt beste i alle fall, og eg håper at det å halde ein blogg skal hjelpe med denne forpliktinga.
Kanskje eg skal ha ein premie på slutten av kvar månad. At eg finn på noko eg synest er kjekt. Ein tur på kino eller til akvariet, eller eit nytt klesplagg kanskje... I slutten av januar har eg allereie fastsett premien, ei bukse på Cubus eg har hatt lyst på lenge, men ikkje funne rette storleiken enda.