mandag 3. januar 2011

Kampfisk

Fyrste skuledag etter nyttår, og den hadde ein roleg start. Halve klassa hadde ikkje fått ete frukost, så dei gjekk på gatekjøket for å få seg noko å ete. Dette varte og rakk og då alle var på plass att avslutta læraren timen. Det tek tid når 12 stk skal ha mat samtidig.
Eg er blodgivar og gav for fyrste gong i midten av desember, i dag fekk eg telefon derifrå med beskjed om at eg har alt for lavt jernlager. Det er heilt nede på 6! Og det skal helst liggje på 20+. Så då eg handla i dag var det mykje grøne grønsaker og sitrusfrukter som hamna i korga. I tillegg til å ete jerntablettar må eg ete mykje brokkoli, leverpostei, mørkt kjøt og fisk. Og sitrusfrukter, for C-vitamin aukar opptaket av jern naturlig.
Mandag er alltid ein travel dag. Tirsdagar har vi simulator, så vi må planlegge seilasen mandag ettermiddag. Det er for så vidt greit, men det er irriterande at læraren vi har ikkje forklarar eller lærer oss det som oppgåva seier. I dag var det ekstra gale, han kom inn, la arka på pultane og berre gjekk med ein einaste gong, ikkje rom for spørsmål der nei… Men men, eg trur eg fekk det til, ein liten kamp vunne (forhåpentlegvis).
Sidan eg satt lenge på skulen i dag fekk eg ikkje tid til å handle alt eg skulle, hadde tenkt meg ein tur til kjøpesenteret å sjå litt på kva eg kan bruke gåvekortet til. Så i staden laga eg meg god middag og rydda i leiligheita. Til nons laga eg til ei skål med frukt og no til kvelds skal eg ha meg ei skive.
Eg har hatt eit par fiskar i bolle sidan august, men juleferien  har tatt knekken på dei. Og plantene. Dei fikk langtidsmat, men den har då tydeligvis ikkje fungert, då eg kom heim i går såg det ut som eit gjørmehol heile bollen. Eg trur eg skal kjøpe meg ein kampfisk, i følge dyrebutikken eg kontakta i dag (ein annan enn der eg kjøpte fiskane) er det den einaste fisken som likar seg i bolle. Og dei er no kjempefine også! Denne har regnbogefargar, men om eg kjøper ein blir det ein heilt lilla ein, dei er så mystiske på ein måte :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar