Ja, då har eg kjøpt meg kampfisk. Dei hadde ingen i lilla, så den er raud i staden. Den er kjempefin! Det ser ut som om den likar seg, den sym rundt og ser på ting og laga skumbobler på overflata. Eg måtte jo ha ei plante også sidan alt rotna opp i romjula… so no er bollen kjempekoseleg.
Treninga har ikkje gått slik eg hadde ønska. Eg har dessverre ikkje vore heilt på tobb i det siste, men no ser det ut som om det held på å snu. I dag sto eg opp tidleg-tidleg og trena før skulen, det var godt å få vakne skikkeleg før ein lang dag med tenking.
I dag har vore ein utruleg bra dag, men eg er ikkje heilt sikker på kvifor. Det har nemleg ikkje hendt noko spesielt. Det er eit kvart som ligg i lufta, men som eg ikkje får sett fingeren på. Det er litt irriterande, men berre så lite at det ikkje skal øydelegge noko :)
Eg skal til frisør i helga. Og etter eit par dagar i tenkjeboksa har eg kome fram til at eg skal ha rosa striper i håret. Håret mitt er lys brunt frå før, og eg likar kombinasjonen brunt og rosa. Så gjenstår det å høyre kva frisøren trur. Er litt spent på om dei har fargen inne, eller om dei kjem med ei dum unnskulding som at dei ikkje har att…
Eg sat og såg på ”salong takeover”, der stod frisøren og laug til kunden om at ho hadde gått tom for den fargen kunden ville ha. Det var blått, og det var ikkje snakk om å farge heile håret, berre nokre striper! Talentlaust av frisøren å gjere noko slikt!
Eg prøver å få meir farge inn i livet mitt for tida. Eg sto og såg i klesskapet mitt her om dagen og så slo tanken meg: ”Eg har nesten berre svarte og grå kleder!” Og dei få plagga eg har med farge er til finare samankomstar enn skule og eit sjeldan kafébesøk… Bra det er sal for tida!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar