lørdag 1. januar 2011

Nytt år, nye mogelegheiter...

Ja, eg veit! Det er klisjé å seie det, men i år håpar eg at eg klarer å starte litt på nytt. 2010 er over og 2011 er i skrivande stund berre 16  timar gammalt. Eg vil jgå inn for å ha et nyttårsfortsett, for dei er umogelege å halde uansett, i alle fall for meg… Så i staden går eg inn for å forandre livsstilen min litt.
I romjula kjøpte eg slalåmutstyr, og det har eg brukt tre dagar sidan eg kjøpte det, ca annakvar dag. Og til å være meg, så er det ganske bra. Eg sto ikkje så lenge i gongen, men eg har jo prøvd litt. Og nå i vintersesongen er det ein god måte å komme seg heim til familien på. For det har ikkje blitt til at eg har orka å reise heim for ei helg når eg like godt kan bli heime i leilegheita.
Eg fekk litt pengar av farmor og besten i julegåve, og dei har eg funne ut at eg skal bruke på ei treningsmatte av et slag. Eg har jo nemlig ein DVD liggjande med eit pilates-opplegg på, men den har jo selfølgelig ikkje blitt brukt til anna enn å gå gjennom ein gong då eg kjøpte den og til ta opp plass i ei skuff etter den eine gongen… Der er to ”program” på den, eit kort og enkelt og eit lengre.
Så planen min no er:
-          Trene eit par gonger i veka (i starten)
-          Prøve å gå ein tur kvar dag (kanskje gå til anskaffelse av ein turkamerat?)
-          Kjøpe meir grønnsaker og ete det som snacks i staden for is og godteri…
-          Unngå isdisken i butikken for alt i verda
Ein enkel plan på fire punkt, eigentleg heilt greit å skulle følge det her… men eg skal ikkje gå ut i frå at eg kjem til å klare det. Eg skal gjere mitt beste i alle fall, og eg håper at det å halde ein blogg skal hjelpe med denne forpliktinga.
Kanskje eg skal ha ein premie på slutten av kvar månad. At eg finn på noko eg synest er kjekt. Ein tur på kino eller til akvariet, eller eit nytt klesplagg kanskje... I slutten av januar har eg allereie fastsett premien, ei bukse på Cubus eg har hatt lyst på lenge, men ikkje funne rette storleiken enda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar