lørdag 8. januar 2011

sjukdom... det skal ikkje vere enkelt

Dei tre siste dagane har eg vore skikkelig trøtt og slapp. På torsdag trudde eg at eg skulle bli sjuk, for det er no noko som går no, men det har eg ikkje vorte enda. Eg har mest lyst å berre krype opp i sengja og legge meg til å sove, men då risikerar eg at eg vaknar i kveld og er lys vaken, det vil eg ikkje ha noko av. Merkar det no medan eg skriv at eg er slapp i kroppen og dubbar nesten av her eg sit. I tillegg til å vere slapp så har eg ein ekkel følelse i magen/bringa. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal skildre det, men det er som ein slags småkvalme trykkjande følelse.
Kva om noko er skikkelig gale? Tenk om eg er alvorleg sjuk? Det er spørsmål som fyk rundt i hovudet mitt no. For ein er ikkje slapp og ekkel for ingenting… Eller så kan det også vere i andre enden av skalaen, at kroppen held på å ordne noko sjølv og det er difor eg er slapp.
Når eg tenkjer på sjukdom så kjem eg alltid på Regine Stokke. Eg har lese bloggen hennar i bokform. Wow! Det var ei jente som hadde det vanskelig. Det er merkeleg å tenkje på at så mange der ute kjempar for livet. Det er så mange som har det vanskeleg. Berre på skulen så er det ein av lærerane mine som strevar med det, ikkje han personleg, men kona hans. Han er ofte vekk for å ta vare på ho. Og ein i klassen har også ei kreftsjuk kone, ho har nettopp blitt operert og starta på stråling eller cellegift. Han er også mykje vekk. Dei må ha det utruleg tøft for tida, men det er det ingen som ser. Dei kamuflerer bekymringane sine godt.
Eg tenkjer positivt og okkuperer tankane med andre ting, men det er ikkje heilt enkelt alltid. Klarde det litt i stad då eg las Nemi, og seinare har eg lyst å byggje Lego attmed syskjena mine. Det er no artig. Der er no dei ferraste som er alvorleg sjuke då, kan no trøste meg med at oddsa er imot meg på det planet der...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar