For tida er det 19 dagar att av sommarferien, og dei skal nytast i det fulle! Eg skal selfølgelig jobbe nokre dagar i veka, men det er ikkje meir enn at det ikkje går ut over noko eg vil gjere i løpet av dagen.
fredag 29. juli 2011
Feriesysler
No er det ei stund sidan eg har gjort noko her inne. Sidan sist innlegg har det skjedd ein del. I sist innlegg skreiv eg at alle skriftlege eksamenar var ferdige, eg har selfølgelig blitt ferdig med alle. Eg har til og med fått vitnemålet frå første året tilsendt frå skulen, og det var ei fin overrasking å sjå karakterane! Dei var gode for å seie det slik.
For tida er det 19 dagar att av sommarferien, og dei skal nytast i det fulle! Eg skal selfølgelig jobbe nokre dagar i veka, men det er ikkje meir enn at det ikkje går ut over noko eg vil gjere i løpet av dagen.
Dagane går med på å gå tur og høyre på musikk, sykle rundt og oppdage nye ruter eller å bake eller lage mat. Eg har også eit par prosjekt på gang, eg er i prosessen med å lage ei kokebok. Ikkje ei kokebok som skal publiserast, men ei der eg samlar oppskrifter som har blitt brukt gjennom generasjonar før meg og nye oppskrifter eg testar ut og finn ut om eg likar eller ikkje.
Og så held eg på å samle bilete og skrive dei ut på fotopapir. Meininga er at dei skal opp på veggen i stova mi etter kvart, til no har eg vel fem bilete. På den daglige gåturen min speidar eg etter gode motiv, og dagen etter tek eg med meg kameraet og fotograferar det eg måtte ha funne dagen før. Så må det jo vurderast når eg kjem heim, eg heng ikkje opp kva som helst på utstilling… det må vere noko å sjå på, er det ikkje meininga? Her er eit par av alternativa.
For tida er det 19 dagar att av sommarferien, og dei skal nytast i det fulle! Eg skal selfølgelig jobbe nokre dagar i veka, men det er ikkje meir enn at det ikkje går ut over noko eg vil gjere i løpet av dagen.
fredag 3. juni 2011
Kan dagane bli betre!?
Eg sit her å tenkjer på om dagane kan bli noko betre enn dei er no. Samstundes bankar eg i bordet, for eg vil ikkje forhekse det! I skrivande stund har eg visitt av minste broren min, og vi kosar oss godt.
Grunnen til at eg så tilfreds om dagen er vel fordi eg er ferdig med alle dei skriftlige eksamenane, og då gjenstår det berre to praktisk/munnlege. Den einaste eg er litt bekymra over er den første, i radio, eg er så redd eg skal få noko eg ikkje er så fortruleg med. Men eg tenkjer den skal gå bra den også, etter litt repetisjon i alle fall.
I dag har det vore varmt og godt, og sola har kika fram frå skyene med passelege mellomrom. Husverten har slått markane, så det luktar heilt fortryllande. Og livet er generelt sett berre heilt fantastisk!
søndag 22. mai 2011
Unødvendige diskusjonar...
Då har det seg slik at Volda og Ørsta kommune endeleg har teke til vitet og bestemt seg for å sjå på mogelegheitene om dei slår seg saman. Dette har ført til ein nasjonal diskusjon via nettavisene om kva den nye kommunen skal heite. Noko så dumt som å opne for diskusjon har dei også klart å makke seg til dei i avisredaksjonane.
Dei måtte no vite at dette kom til å ende gale, seinast i går før eg tok kveld var eg inne på DB for å sjå kva dei skreiv. Og mange av dei kommentarane som var der handla ikkje om kor vidt dei meina det føreslegne namnet egna seg, dei handla om kor inkompetent den og den personen som hadde kommentert var og kor usakeleg innlegget var. Aasen er vel det mest omdiskuterte namnet, og kanskje ”problemet” for mange, dei to forskingsinstitutta hadde pønska ut.
For meg gir det meining, Ivar Aasen er fødd og oppvaksen midt imellom dei to tettstadane. Han er ein vesentleg person for begge kommunar, så for meg er det logisk. Eg er jo også ein nynorsktilhengar, det har de vel allereie merka. Og om ein skal slå saman to så store kommunar med så mange forskjelleg stadnamn, men ingen fellesnemning frå før. Området som skal slåast saman har ikkje noko namn som kan brukast utan at den eine eller andre blir såra, så då kan det vel vere til det beste å kalle den nye kommunen opp etter ein person som har meina mykje for begge stader?
lørdag 21. mai 2011
Barndomsminner
I dag var eg ute og gjekk ein tur. Då eg var på vei oppatt til leilegheita såg eg noko eg har sett mange gongar før, men ikkje lagt merkje til det før i dag. Eg såg at marka var fylt med syregras. Plutselig flomma alle mogelege barndomsminne gjennom tankane mine, og eg fann ut at eg berre måtte ha eit syregras.Så der går eg, ut i marka, på jakt etter eit som ser godt ut. Eg gjekk eit stykke for å finne ei samling som såg gode ut. Eg måtte ei stykke frå vegen, for å finne nokre som ikkje har hundetiss eller –besj på seg.
Eg stod utpå marka og tok første tygga. Det var skikkelig surt, men det einaste eg kunne tenkte på var minner om slåtten heime på garden. Smaken og lukta var heilt herlig! Det er ingenting som kan måle seg med slike minner, og lukta er god også. Det einaste eg klarte å gjere når eg var ferdig med graset var å smile, eg klarte ikkje å stoppe å tenkje på korleis livet var når eg var 13 år og leika i marka på garden… Små gleder som eg håper ungane mine får ein dag.
torsdag 19. mai 2011
Eksamensførebuingar
Då er eksamensførebuingane sparka i høggir. Det er ikkje heilt enkelt å skulle sjå tilbake på kva du gjorde for nokre månader sidan, det er ikkje lett å vite kva som ikkje er greitt før du sit der med oppgåva framføre deg…
I alt skal eg ha 7 eksamenar. Og fleire i same fag, både skriftleg og munnleg. Eg storkosar meg med det meste, men der er fortsett eit par småting eg har litt problem med å hugse. Slik stoda er no tenkjer eg at eg skal klare det.
I dag har det ikkje vor noko faste timar, sidan vi har eksamen i morgon, men vi har fått litt hjelp av lærarar som har vore på huset. Det er greitt, men det største problemet er at volumet på visse personar i klassa ikkje kan haldast til innestemme. Om du spør sagt person om noko passar han på å svare deg høgt nok så alle høyrer at han kan det du spør om. Og det set i gong ein uendeleg diskusjon som berre fleire og fleire skal leggje seg inn på. Dette fører til uendeleg irritasjon for dei som faktisk vil studere i staden for å diskutere meiningslause ting med folk.
Før eksamen er det vel vanleg å vere nervøs, er det ikkje? Læraren seier at det er berre dei som er uforberedte som blir nervøse, så då må vel eg vere godt forberedt då… Eg meiner i alle fall det sjølv. Det einaste er at den eg skal ha i morgon er eg ikkje heilt sikker på, men eg skal klare å resonnere meg fram til eit vettig svar.
onsdag 11. mai 2011
Ein vanleg dag
Eg tusla meg ein tur ut i går, og då fekk eg tatt ein del bilete. Eg har lagt til dei eg syntes var best her.
søndag 8. mai 2011
Er sommaren her?
I dag har det vore varmt! Veldig varmt. Og det får meg til å lure på om sommaren er komen. Eg håper det, for eg er lei av kalde morgonar og kveldar, er klar for litt mildare temperaturar enn det som har vore i det siste.
Det har ikkje berre vore ein varm dag, men også ein ganske produktiv dag om eg kan få seie det… Eg har baka brød, vaska leilegheita og to maskiner med kleder, så stativet er fullt. Og så har eg fått pugga litt sjøvegsreglar og sett over fysikken til prøva i morgon. Alt er på stasjon og eg har fått gjort alt eg ville oppnå med helga.
Det har ikkje berre vore ein varm dag, men også ein ganske produktiv dag om eg kan få seie det… Eg har baka brød, vaska leilegheita og to maskiner med kleder, så stativet er fullt. Og så har eg fått pugga litt sjøvegsreglar og sett over fysikken til prøva i morgon. Alt er på stasjon og eg har fått gjort alt eg ville oppnå med helga.
No sit eg å ser film og nyt eit par brødskiver med makrell i tomat på. Filmen har eg visst sett før, men det er så lenge sidan eg ikkje hugsar nokon ting. Det er fint tidsfordriv å sjå film medan ein ventar på at håret skal tørke så ein får gå å legge seg.
lørdag 7. mai 2011
Laurdagsopen skule
Ja, overskrifta er rett. Frå no og fram til siste eksamen er altså skulen open på laurdagar. I dag sit eg altså her, men eg tur eg snart reiser heim. Så vidt eg har fått med meg er det berre meg og to til som er her.
Då eg fekk beskjeden blei eg glad, eg tenkte ”Jess, då slepp eg å drage med meg alle bøkene heim!” Og det er no kjekt å få sleppe å gjere det, men no har eg ikkje lyst å sitje her noko særleg lenger. Eg er ikkje heilt på topp for tida, har vorte sjuk… det går nok over, men kaldsveitting og feber er lite kjekt, spesielt når ein er på skulen og heller kan sitje heime.
I går var vi med Hurtigruta t/r Geiranger ombord på M/S Nordlys. Vi fekk kome på brua og sjå oss kring der. Kjekt å høyre kva erfarne sjøfolk har å seie om Kongsberg si løysing om navigasjonsutstyr, og dei synest ikkje noko særleg om det. Det er Kongsberg sin simulator som er her på skulen også, og den er ikkje noko god, berre dei to siste vekene har den ikkje fungert skikkeleg. Første gongen gjekk heile skiten ad undas, det var så gale vi fekk ny datamaskin. Og berre sist veke skulle læraren stille på noko og gjekk inn på ein meny etter han hadde starta oppgåva, då stoppa alt opp og den restarta seg sjølv. Men vi fekk ikkje køyre før etter ei halv time då dei endeleg fekk det ordna. Lærarane på skulen skuldar på at dei ikkje har hatt service på den i år, og det er sikkert grunnen, men vi får verkeleg håpe dei klarer å rette på det før vi skal ha eksamen…
Då eg fekk beskjeden blei eg glad, eg tenkte ”Jess, då slepp eg å drage med meg alle bøkene heim!” Og det er no kjekt å få sleppe å gjere det, men no har eg ikkje lyst å sitje her noko særleg lenger. Eg er ikkje heilt på topp for tida, har vorte sjuk… det går nok over, men kaldsveitting og feber er lite kjekt, spesielt når ein er på skulen og heller kan sitje heime.
I går var vi med Hurtigruta t/r Geiranger ombord på M/S Nordlys. Vi fekk kome på brua og sjå oss kring der. Kjekt å høyre kva erfarne sjøfolk har å seie om Kongsberg si løysing om navigasjonsutstyr, og dei synest ikkje noko særleg om det. Det er Kongsberg sin simulator som er her på skulen også, og den er ikkje noko god, berre dei to siste vekene har den ikkje fungert skikkeleg. Første gongen gjekk heile skiten ad undas, det var så gale vi fekk ny datamaskin. Og berre sist veke skulle læraren stille på noko og gjekk inn på ein meny etter han hadde starta oppgåva, då stoppa alt opp og den restarta seg sjølv. Men vi fekk ikkje køyre før etter ei halv time då dei endeleg fekk det ordna. Lærarane på skulen skuldar på at dei ikkje har hatt service på den i år, og det er sikkert grunnen, men vi får verkeleg håpe dei klarer å rette på det før vi skal ha eksamen… Men no orkar eg ikkje meir. No reiser eg heim og installerar meg i sofaen og drikk te til eg ikkje orkar meir.
tirsdag 5. april 2011
Ein bra dag til tross
Eg var ein tur i blodbanken i dag og skulle gi for tredje gong, men dei avviste meg på grunnlag av ein allergisk reaksjon eg hadde for fire år sidan. Det har jo gått bra før, men ho pleiaren som var der i dag ville altså då ikkje tappe meg. Ho ringte til og med lege, og han sa det same. Det er litt merkeleg korleis forskjellege legar og sjukepleiarar har forskjellig praksis frå gong til gong. Ein skal selfølgelig ta allergiar alvorleg, det er slik som kan overførast via blodet, men kvifor har dei latt meg gi blod før viss det ikkje er greitt likavel?
På skulen gjekk det heller ikkje so bra i dag, tysdag er ”simulatordag”. Og den ordinære læraren er ute i pappapermisjon for tida, så vi har avdelingsleiar som vikar. Han er heller skremmande sådan. Du står og ventar på eit raseriutbrudd eller ein krass komentar, men du har ingen aning på kortid det kjem.
Ja, eg var ikkje særlig flink i dag, det skal eg vere så ærleg å innrømme. Det gjekk gale frå start til slutt. På feil kurs, ute av posisjon og på kollisjonskurs med to andre fartøy etter kvarandre, grunnstøting og kollisjon med bøyer og så kursendringar både for tidleg og for seint. Så i dag råda læraren meg til å finne eit tau, og så gestikulerte han til att eg skulle hengje meg.”Du skal vere glad det er meg du sa det til no nettopp, for hadde du sagt det til feil person kunne den personen tatt deg alvorleg.” sa eg då han foreslo det. Då blei han still eit par sekund, og resten av gruppa stemde i og var einige med meg. Eg tek ikkje alt han sei så fryktelig alvorleg at det gjer noko, for han seier ikkje så mykje lurt at det er verdt å hugse.
Til tross for ein heller dårleg start på dagen enda den bra Eg har vore flink å røyve meg, eg gjekk til skulen og heim frå sjukehuset. Til saman ca 6 km. Og på ettermiddagen gjekk eg til ein annan butikk enn den næraste, enda 5 km der. Så til saman har eg gått vel over to timar i dag. Eg er gåen i føta no, men det er berre godt å kjenne at ein har røyvd på seg etter ein lang vinter. Det var meininga å få tak i maismjøl, men det ser ikkje ut til at nokon har det. Så kanskje eg tek ein tur til supermarknaden i helga. Eg vil jo prøve å bake muffins med maismjøl, dei ser så gode ut. Eg baka gulrotmuffins i staden for då i dag, dei blei kjempegode.
søndag 3. april 2011
Våren er her!
Då er det ei stund sidan eg har skrive noko her. Frå sist innlegg har eg hatt tid til å gjere litt av kvart. I vinterferien stod eg på ski og var mykje med familien, men det eg ikkje har gjort, som eg skulle gjere, det er å trene. Eg veit det ikkje er nokon god grunn det å ikkje orke, men det er faktisk det som har hendt. Trur eg har hatt eit lite snev av vinterdepresjon.
No er det endeleg vår, temperaturen har auka, sola er koma tilbake og snøven har reist frå markane. I dag hadde eg årets fyrste sykkeltur, det var rett nok berre ein liten ein, men den var god. Det einaste er at no gruar eg meg til dei neste par-tre dagane. Det tek på raua å ikkje ha sykla på fire-fem månader.
Eg er jo blakk for tida også, og eg ser på det som litt positivt akkurat no. Altså, eg har jo ikkje noko problem med å skulle kunne kjøpe meg mat, men her blir det snakk om prioriteringar. Og dei prioriteringane går ut på å ikkje kjøpe busskort, men å heller gå eller sykle til skulen. Det er rett nok ikkje langt eigentleg, berre 3 km. Og dei gongane eg reiser andre stader med bussen, dei er for få til å tene inn eit månadskort på bussen. Dessutan kan eg ikkje bruke det til å reise heim i helgane med heller, så det kan vere det same.
For litt sidan fann eg ikkje att eit smykke som eg fekk i gåve. Eg leita høgt og lavt både i leilegheita og heime hjå mamma og pappa. Eg leita i alle vesker, sekkar, skuffer, øskjer, skåler og skap eg kunne tenkje meg, til og med i mor sitt smykkeskrin i håp om at ho hadde funne det medan ho vaska og ikkje kjende det att. Men til inga nytte, eg fann det ikkje. Eg leita til og med på kottet, men utan resultat.
Det er eit Swarovski smykke, den raude krystallen er det eg sjølv som har lag til for å få eit meir personleg preg på det, det er jo så mange som har ei slikt eit etter å ha sett på Gossip Girl der Blair har eit slikt. Litt av sjarmen med det er at krystallane blir grøne etter ei stund, ein no og ein då. Fint, enkelt og elegant, med ein twist.
No er det endeleg vår, temperaturen har auka, sola er koma tilbake og snøven har reist frå markane. I dag hadde eg årets fyrste sykkeltur, det var rett nok berre ein liten ein, men den var god. Det einaste er at no gruar eg meg til dei neste par-tre dagane. Det tek på raua å ikkje ha sykla på fire-fem månader.
Eg er jo blakk for tida også, og eg ser på det som litt positivt akkurat no. Altså, eg har jo ikkje noko problem med å skulle kunne kjøpe meg mat, men her blir det snakk om prioriteringar. Og dei prioriteringane går ut på å ikkje kjøpe busskort, men å heller gå eller sykle til skulen. Det er rett nok ikkje langt eigentleg, berre 3 km. Og dei gongane eg reiser andre stader med bussen, dei er for få til å tene inn eit månadskort på bussen. Dessutan kan eg ikkje bruke det til å reise heim i helgane med heller, så det kan vere det same.
For litt sidan fann eg ikkje att eit smykke som eg fekk i gåve. Eg leita høgt og lavt både i leilegheita og heime hjå mamma og pappa. Eg leita i alle vesker, sekkar, skuffer, øskjer, skåler og skap eg kunne tenkje meg, til og med i mor sitt smykkeskrin i håp om at ho hadde funne det medan ho vaska og ikkje kjende det att. Men til inga nytte, eg fann det ikkje. Eg leita til og med på kottet, men utan resultat.
Heilt til i går då eg skulle rydde i ”kontorboksen” min, der var det litt av kvart oppi, og minst av alt kontorting. Men i botnen på den, innerst i eit hjørne, der låg altså smykket mitt. Eg blei så frå meg av lykke over å ha funne det att, at eg byrja å grine. Ikkje det at det er verdt så mykje pengar, men det har ein utruleg høg sentimental verdi for meg. Det har ei lang og viktig historie bak seg. Eg fekk det nemleg med den mannen eg faktisk kunne tenke meg å elske ein dag, sjølv om forholdet aldri kom så langt. Og i all løyndom håper eg så inderlig han kunne tenkje seg å elske meg tilbake ein dag.
søndag 6. februar 2011
Respekt for andre
Det å ha respekt for andre bure vore noko heilt naturleg, noko som burde vore ein sjølvfylgje. Som å ikkje oversjå nokon som kanskje treng hjelp til noko. Det er så mange som ser at andre kanskje slit med noko, men dei gjer ikkje noko for å hjelpe.
Er det slik i dag at vi ser ting, men overser det? Har vi vorte van med å berre tenkje på oss sjølv? Å ikkje bry oss om andre? Er vi verkeleg så uomtenksame?
Eg klarer ikkje å sjå at nokon slit. Om der er ei mor i ein butikk med hylande born, ja då spør eg om ho treng hjelp til å handle. Og om ein eldre person har det litt tungt, så spør eg om dei treng hjelp til å handtere ting. Det har vel noko å gjere med at eg har vakse opp på bygda, der hjalp vi kvarandre.
Og så dette å ha respekt for andre sitt liv. På bussar i dag er det montert sele, i alle fall dei som er meint å reise over lenger strekningar. Det eg opplever når eg tek bussen er at mange ikkje brukar desse. Om du set deg bak meg, men ikkje tek på selen, jau då får du beskjed om å feste selen eller flytte deg. For eg har ikkje tenkt å la deg ta livet av meg om bussen kolliderar. Det er nemleg det som skjer. Om du brukar sele, men den bak ikkje brukar den, så fyk personen bak deg inn i ryggen på setet ditt og trykkjer deg flat. Det er nesten ingen som tenkjer på dette scenarioet, for det er ikkje så mange så veit om det.
No skal eg ikkje drage alle under same kammen her, men eg føler at det eg skildrar over er majoriteten i det norske samfunn i dag. Kanskje vi kan forandre på det? Eg prøver i alle fall. Eg gjer mitt beste, og håper du gjer det same!
torsdag 20. januar 2011
Fart og spenning...
Kva skal eg seie? Det er jo noko eg ikkje har i livet mitt akkurat no i alle fall, håpar på snarleg endring av dette mindre problemet. Dagane går jo med til skule og lekser. På tysdag fekk eg faktisk summa meg til å vaske soveromet og ommøblere det. Eg fekk vaska to maskiner med klede også. Og oppdaga at om eg gjer det, så er det ikkje nok plass på stativet til det. Flink som eg er fekk eg jo lurt det til slik at der blei plass til slutt.
Det var meininga at eg skulle bake brød også, men det har eg tid til å gjere i dag om eg startar med ein einaste gang eg kjem heim. Eg må sitje att litt i dag for å få gjort noko på studiekrava. Vi har tre stk no med ein frist på 10 dagar. Hektisk! Men slik er det å vere student i dag tenkjer eg…
I går var eg på middag i regi av kyrkja. Vi var ikkje så mange, så det var koselig. Dei serverte kjøtkaker, heimelaga. Det var kjempegodt. Planen er at det skal bli noko fast. I går var det berre dei som arrangerte det og tre andre. Eg har på ein eller annan måte prestert å rote meg litt inn i promoteringa av prosjektet. Mykje av grunnen til at ingen møtte opp var jo at det vart kalla ”middag for unge vaksne”, ein får ikkje akkurat så veldig lyst å gå på noko slikt. Så no har vi avgjort at det skal vere Middagsklubben. Og eg skal hengje opp lappar på skulen, for det vart ikkje gjort. Kanskje ein får fleire med seg då…
På måndag var eg hjå frisøren. Då fekk eg raude/rosa striper i håret. Talet på striper var slik det skal vere, men dei er litt for tett plassert etter min smak. Får sjå om eg går tilbake for å forandre på det om ei stund. Eg får vel vente litt å sjå korleis håret legg seg etter kvart, og kor mykje stripene viser. Fargen vart fin, men dei var litt for tett, og so var det berre på den underste delen i håret. Eg kunne tenkje meg nokre striper lengre oppe i håret også slik at fargen viser på sida av hovudet og ikkje berre i nakken slik som no.
Inspirasjonen til å få raude/rosa striper i håret kom i fyrste omgong frå Katy Perry. Ho har så fint hår i musikkvideoen til ”Firework”. Og etter å ha søkt litt på internett fann eg eit fint bilete av Selena Gomez. Ho har svart hår, så hennar striper var i mørk raud.
I skrivande stund sit eg på skulen, vi har engelsk/norsk. Dei går litt om kvarandre dei faga no. Og grunnen til at eg skriv på bloggen no er at eg er ferdig med det eg skal gjere. Eg blei ferdig førre veke og no vil eg ikkje berre sitte å surfe på internett. Eg likar å skrive men no kjenner eg at eg held på å gå tom for ting å skrive om.
onsdag 12. januar 2011
Nytt liv med meir fargar
Ja, då har eg kjøpt meg kampfisk. Dei hadde ingen i lilla, så den er raud i staden. Den er kjempefin! Det ser ut som om den likar seg, den sym rundt og ser på ting og laga skumbobler på overflata. Eg måtte jo ha ei plante også sidan alt rotna opp i romjula… so no er bollen kjempekoseleg.
Treninga har ikkje gått slik eg hadde ønska. Eg har dessverre ikkje vore heilt på tobb i det siste, men no ser det ut som om det held på å snu. I dag sto eg opp tidleg-tidleg og trena før skulen, det var godt å få vakne skikkeleg før ein lang dag med tenking.
I dag har vore ein utruleg bra dag, men eg er ikkje heilt sikker på kvifor. Det har nemleg ikkje hendt noko spesielt. Det er eit kvart som ligg i lufta, men som eg ikkje får sett fingeren på. Det er litt irriterande, men berre så lite at det ikkje skal øydelegge noko :)
Eg skal til frisør i helga. Og etter eit par dagar i tenkjeboksa har eg kome fram til at eg skal ha rosa striper i håret. Håret mitt er lys brunt frå før, og eg likar kombinasjonen brunt og rosa. Så gjenstår det å høyre kva frisøren trur. Er litt spent på om dei har fargen inne, eller om dei kjem med ei dum unnskulding som at dei ikkje har att…
Eg sat og såg på ”salong takeover”, der stod frisøren og laug til kunden om at ho hadde gått tom for den fargen kunden ville ha. Det var blått, og det var ikkje snakk om å farge heile håret, berre nokre striper! Talentlaust av frisøren å gjere noko slikt!
Eg prøver å få meir farge inn i livet mitt for tida. Eg sto og såg i klesskapet mitt her om dagen og så slo tanken meg: ”Eg har nesten berre svarte og grå kleder!” Og dei få plagga eg har med farge er til finare samankomstar enn skule og eit sjeldan kafébesøk… Bra det er sal for tida!
lørdag 8. januar 2011
sjukdom... det skal ikkje vere enkelt
Dei tre siste dagane har eg vore skikkelig trøtt og slapp. På torsdag trudde eg at eg skulle bli sjuk, for det er no noko som går no, men det har eg ikkje vorte enda. Eg har mest lyst å berre krype opp i sengja og legge meg til å sove, men då risikerar eg at eg vaknar i kveld og er lys vaken, det vil eg ikkje ha noko av. Merkar det no medan eg skriv at eg er slapp i kroppen og dubbar nesten av her eg sit. I tillegg til å vere slapp så har eg ein ekkel følelse i magen/bringa. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal skildre det, men det er som ein slags småkvalme trykkjande følelse.
Kva om noko er skikkelig gale? Tenk om eg er alvorleg sjuk? Det er spørsmål som fyk rundt i hovudet mitt no. For ein er ikkje slapp og ekkel for ingenting… Eller så kan det også vere i andre enden av skalaen, at kroppen held på å ordne noko sjølv og det er difor eg er slapp.
Når eg tenkjer på sjukdom så kjem eg alltid på Regine Stokke. Eg har lese bloggen hennar i bokform. Wow! Det var ei jente som hadde det vanskelig. Det er merkeleg å tenkje på at så mange der ute kjempar for livet. Det er så mange som har det vanskeleg. Berre på skulen så er det ein av lærerane mine som strevar med det, ikkje han personleg, men kona hans. Han er ofte vekk for å ta vare på ho. Og ein i klassen har også ei kreftsjuk kone, ho har nettopp blitt operert og starta på stråling eller cellegift. Han er også mykje vekk. Dei må ha det utruleg tøft for tida, men det er det ingen som ser. Dei kamuflerer bekymringane sine godt.
Eg tenkjer positivt og okkuperer tankane med andre ting, men det er ikkje heilt enkelt alltid. Klarde det litt i stad då eg las Nemi, og seinare har eg lyst å byggje Lego attmed syskjena mine. Det er no artig. Der er no dei ferraste som er alvorleg sjuke då, kan no trøste meg med at oddsa er imot meg på det planet der...
onsdag 5. januar 2011
Yogamatte og brødformer
Ja, då våkna eg glad og opplagd i dag! I går kjøpte eg meg yogamatte og tok første treninga. Og eg merkar at eg virkelig er i dårleg form! Programmet var pilatesinspirert-aerobic… hmm, utholdande samtidig som ein trenar styrke. Det var høg intensitet på programet, 25 min med hopping og trasking på same plassen på golvet. Og på slutten under uttøyinga så får ein verkeleg kjent det i magemusklane. Det er visst meininga ein skal strekke ut ryggen, og medan ein gjer det så trenar ein magen. Det som var litt dumt er at dei ikkje strekker ut magen til slutt, så eg rulla meg på magen og la meg i ein slags sel-posisjon… Det var godt!
Eg tok meg og ein tur på Jernia og brukte det eine av dei to gåvekorta eg fekk til jul. Der var mykje fint! Og så utrulig mykje eg har lyst på. Eg valde meg ei panne frå InVite sin Trend-kolleksjon. Denne modellen har eg allereie, fekk til bursdag med foreldra i fjor, men trengde ei mindre til. Det blir litt voldsomt å koke 3 dl saus i ei panne på 3,5 liter. I tillegg til panna kjøpte eg meg to fine brødformer. Så no blir det heimebaka brød i staden for butikkbrød. Det skal bli godt! Eg synest butikkbrød har så lite mat i seg, det er berre luft… Dette ser godt ut! -->No sit eg på skulen og er ferdig for dagen. Så eg ventar berre på buss eigentleg. Dagen i dag har gått utruleg seint! Den har berre snigla seg avgarde. Vi starta med navigasjon, og læraren der er ikkje den som står lengst. Han kjem seint og slepp oss tidleg, litt irriterande. Og han høyrer ikkje på oss når vi seier i frå om at han kanskje kan kome til rett tid neste time. Det er for så vidt ikkje noko veldig mykje vi skal gjennomgå i desse timane, men han kunne ha repetert meir. Det er det som hjelper. Vidare hadde vi engelsk, greit nok. Og på slutten av dagen har det vore meininga vi skulle rekne litt i lastelære, men det var sterkt begrensa med rekning jah...:(
mandag 3. januar 2011
Kampfisk
Fyrste skuledag etter nyttår, og den hadde ein roleg start. Halve klassa hadde ikkje fått ete frukost, så dei gjekk på gatekjøket for å få seg noko å ete. Dette varte og rakk og då alle var på plass att avslutta læraren timen. Det tek tid når 12 stk skal ha mat samtidig.
Eg er blodgivar og gav for fyrste gong i midten av desember, i dag fekk eg telefon derifrå med beskjed om at eg har alt for lavt jernlager. Det er heilt nede på 6! Og det skal helst liggje på 20+. Så då eg handla i dag var det mykje grøne grønsaker og sitrusfrukter som hamna i korga. I tillegg til å ete jerntablettar må eg ete mykje brokkoli, leverpostei, mørkt kjøt og fisk. Og sitrusfrukter, for C-vitamin aukar opptaket av jern naturlig.
Mandag er alltid ein travel dag. Tirsdagar har vi simulator, så vi må planlegge seilasen mandag ettermiddag. Det er for så vidt greit, men det er irriterande at læraren vi har ikkje forklarar eller lærer oss det som oppgåva seier. I dag var det ekstra gale, han kom inn, la arka på pultane og berre gjekk med ein einaste gong, ikkje rom for spørsmål der nei… Men men, eg trur eg fekk det til, ein liten kamp vunne (forhåpentlegvis).
Sidan eg satt lenge på skulen i dag fekk eg ikkje tid til å handle alt eg skulle, hadde tenkt meg ein tur til kjøpesenteret å sjå litt på kva eg kan bruke gåvekortet til. Så i staden laga eg meg god middag og rydda i leiligheita. Til nons laga eg til ei skål med frukt og no til kvelds skal eg ha meg ei skive.
Eg har hatt eit par fiskar i bolle sidan august, men juleferien har tatt knekken på dei. Og plantene. Dei fikk langtidsmat, men den har då tydeligvis ikkje fungert, då eg kom heim i går såg det ut som eit gjørmehol heile bollen. Eg trur eg skal kjøpe meg ein kampfisk, i følge dyrebutikken eg kontakta i dag (ein annan enn der eg kjøpte fiskane) er det den einaste fisken som likar seg i bolle. Og dei er no kjempefine også! Denne har regnbogefargar, men om eg kjøper ein blir det ein heilt lilla ein, dei er så mystiske på ein måte :)lørdag 1. januar 2011
Nytt år, nye mogelegheiter...
Ja, eg veit! Det er klisjé å seie det, men i år håpar eg at eg klarer å starte litt på nytt. 2010 er over og 2011 er i skrivande stund berre 16 timar gammalt. Eg vil jgå inn for å ha et nyttårsfortsett, for dei er umogelege å halde uansett, i alle fall for meg… Så i staden går eg inn for å forandre livsstilen min litt.
I romjula kjøpte eg slalåmutstyr, og det har eg brukt tre dagar sidan eg kjøpte det, ca annakvar dag. Og til å være meg, så er det ganske bra. Eg sto ikkje så lenge i gongen, men eg har jo prøvd litt. Og nå i vintersesongen er det ein god måte å komme seg heim til familien på. For det har ikkje blitt til at eg har orka å reise heim for ei helg når eg like godt kan bli heime i leilegheita.
Eg fekk litt pengar av farmor og besten i julegåve, og dei har eg funne ut at eg skal bruke på ei treningsmatte av et slag. Eg har jo nemlig ein DVD liggjande med eit pilates-opplegg på, men den har jo selfølgelig ikkje blitt brukt til anna enn å gå gjennom ein gong då eg kjøpte den og til ta opp plass i ei skuff etter den eine gongen… Der er to ”program” på den, eit kort og enkelt og eit lengre.
Så planen min no er:
- Trene eit par gonger i veka (i starten)
- Prøve å gå ein tur kvar dag (kanskje gå til anskaffelse av ein turkamerat?)
- Kjøpe meir grønnsaker og ete det som snacks i staden for is og godteri…
- Unngå isdisken i butikken for alt i verda
Ein enkel plan på fire punkt, eigentleg heilt greit å skulle følge det her… men eg skal ikkje gå ut i frå at eg kjem til å klare det. Eg skal gjere mitt beste i alle fall, og eg håper at det å halde ein blogg skal hjelpe med denne forpliktinga.
Kanskje eg skal ha ein premie på slutten av kvar månad. At eg finn på noko eg synest er kjekt. Ein tur på kino eller til akvariet, eller eit nytt klesplagg kanskje... I slutten av januar har eg allereie fastsett premien, ei bukse på Cubus eg har hatt lyst på lenge, men ikkje funne rette storleiken enda.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)